MINERALINNHALDET I GROVFÔR TIL TØRRKYR. Kan vi førebygge mjølkefeber?

17. februar 2012, Olav Martin Synnes

Det er godt dokumentert at låg kation-anion-differanse (DCAD) i fôret til tørr-kyr minskar risikoen for mjølkefeber. I dag får 7% av norske kyr mjølkefeber.

 

 

MINERALINNHALDET I GROVFÔR TIL TØRRKYR.

KAN VI FØREBYGGE MJØLKEFEBER?


Nytt forskingsprosjekt 2012-14


Det er godt dokumentert at låg kation-anion-differanse (DCAD) i fôret til tørr-kyr minskar risikoen for mjølkefeber. I dag får 7% av norske kyr mjølkefeber. Det er praktisk vanskeleg å tilføre tørrkyr tilstrekkelege mengder anion-rikt fôr i kraftfôr eller mineraltilskot. Er det mogleg å dyrke grovfôr med tilstrekkeleg låg DCAD?


Hausten 2011 vart det sendt inn søknad til Regionalt Forskingsfond, RFF, om midlar til eit treårig forskingsprosjekt. Initiativtakarar var Nordøyane Veterinærdistrikt, NLR Sunnmøre og Bioforsk Midt-Noreg. Vi fekk nyleg positivt svar på søknaden. Vi har såleis tre år med interessante forsøk framfor oss.


Målet med forsøka vil vere å finne ut om teoriane om DCAD let seg utnytte under praktiske tilhøve. Klarer ein å framstille eit grovfôr med låg anion-kation-differanse på ein praktisk og rimeleg måte? Vil dette ”spesialfôret” til tørrkyr, i ein kort periode, minske førekomsten av mjølkefeber?


Teori.- Kring 1960 gjorde forskarar ved Veterinær-høgskulen i Oslo ei interessant oppdaging. Dei oppdaga at kyr som hadde fått surfôr tilsett AIV-syre, svovelsyre eller saltsyre sjeldan utvikla mjølkefeber. Etter kvart som dei gamle uorganiske ensileringsmidla vart fasa ut, og organiske syrer som maursyre overtok, auka førekomsten av mjølkefeber på nytt.


Forskarane fann også forklaringa på fenomenet. Dei gamle ensileringsmidla inneheldt klor, Cl-, eit negativt ladd ion, også kalla anion. Fôr-rasjonar med høgt innhald av anion, verka førebyggande på mjølkefeber. Også andre anion, til dømes svovel, S-- har tilsvarande positiv verknad. Positivt ladde ion, kation, til dømes kalium, K- og Natrium, Na-, auka risikoen for mjølkefeber.


Ved vurdering av førebyggande verknad av fôr-rasjonar utvikla ein formelen DCAD = (K+ + Na+) - (Cl- +S--). DCAD er forkorting for «dietary cation-anion difference». Andre, meir samansette formlar, med fleire mineral, vart også studert. Desse gav likevel ikkje betre forklaringsverdi enn den enklare formelen.


Mjølkefeber skuldast kalsiummangel i blodet. Høgt innhald av anion i fôret verkar surt. PH i urinen blir lågare. Når DCAD i fôret til tørrkyr er negativ, hjelper det kua til å mobilisere kalsiumreservar i kroppen. Risikoen for kalsiummangel og mjølkefeber blir lågare. I denne fasen nyttar det ikkje å tilføre ekstra kalsium.


Det enklaste ville vere om ein kunne tilføre ekstra anion som tilskot i kraftfôr eller mineral-blandingar. Utfordringa er at tørr-kyr skal ha lite kraftfôr. Dei aktuelle produkta er dessutan lite smaklege. Det er såleis vanskeleg å få dyra til å ete tilstrekkelege mengder av anion-rikt tilskots-fôr.


Forsøk i Canada.- Kan ein i staden påverke DCAD i grovfôret? Dei siste åra har forskarar i Canada byrja interessere seg for emnet. Fleire forsøks-seriar er utført. Tilførsel av klorhaldige gjødselslag, med CaCl2 eller NH4Cl vart undersøkt. Resultata tyder på at det er mogleg å minske DCAD, til negativt nivå. Spørsmålet er likevel om dette kan gjerast utan avlingstap, og utan for store kostnader. Forsøka syner også at DCAD minkar ved auka utviklingsstadium hos eng-vekstane. Sein hausting dreg altså i rett lei. Ulike grasartar har ulike nivå av DCAD. I Canada hadde timotei lågast verdi av fem studerte artar. Bladfaks hadde høgast DCAD, medan strand-svingel låg i eit mellomsjikt.


Forsøk i Noreg.- Det er gjort innleiande forsøk i Noreg i 2011. Bak forsøka står veterinær Arvid Steen, Tine Rådgiving, og NLR Sunnmøre. Lokale vertar er Midt-Rema samdrift, Ertesvåg samdrift, Olav Synnes og Jostein B. Blindheim. Forsøka har vist lovande resultat. Det ser ut til at det kan vere mogleg å produsere grovfôr med låg DCAD, på ein rimeleg måte.

Nytt forskingsprosjekt 2012-14.- Det nye prosjektet vil starte våren 2012. Foringsforsøk vil i stor grad bli gjennomført hos medlemar i Nordøyane Veterinærdistrikt. Felforsøka vil bli gjennomførte hos NLR Sunnmøre. Nokre forsøksfelt vil også bli utførte hos NLR Sør-Trøndelag og Landbruk Nordvest.

 

 
 

Kommentarer

Ingen kommentarer